Surtsey


17.00

Ein morgon ristar det i øya.
Unge menneske ligg i sengene sine
og trur at dei ristar.
Men det er en undersjøisk vulkan som vaknar.
Dei neste åra styrar vulkanen på.
Ungdommar blir rista laus frå øya
– litt etter litt.

To ungdommar dreg ut på havet i båt. Det er midtsommarnatt og sol. Men himmelen blir mørk. Frå havet står flammar opp. Ungdommane blir forma etter natta på havet. Vulkanøya Sursey blir til etter mange utbrot frå 1963 til 1967. Sceneverket «Surtsey» blir til gjennom visningar i Reykjavik og Ålesund frå hausten 2019, fram til dei store premierane på Høstscena i Ålesund og Nordiske huset hausten 2020.

Torsdag 13. februar klokka 17.00 vil utøvarane, i samarbeid med elevar frå Myndlistskolinn i Reykjavik, gjennomføre ei hending til i Surtseyart – serien. Etter framsyninga er de alle hjarteleg velkomne til å delta i ei samling for samtale om kunst, pubertet og ungdomstid, om å vere ute på havet i ein liten båt, og om dei store hendingane som har forma livet vårt.

Surtsey er eit islandsk-norsk samarbeid om dei fellesspråklege røttene og, sett i havet mellom oss.