Vi inviterer dykk til ei hyggeleg sleppfest for kunstmagasinet Lyng!


13:00-15:00
Atrium
Gratis adgang

Vi inviterer dykk til ei hyggeleg sleppfest for kunstmagasinet Lyng i Nordens hus i Reykjavík. Det blir lett servering, god stemning og eit kort introduksjonsføredrag om arbeidet til Heysahorn Art Collective.

Men kva er Lyng?
Lyng er eit nytt grenseoverskridande magasin for kunst i Norden, Arktis og Dei britiske øyane. I redaksjonen står velske diktaren og forfattaren Grug Muse og islandske Snæbjörn Jack. I den første utgåva av Lyng kan vi finne nydeleg kunst i både bilet- og tekstform frå seks ulike kunstnarar. Utvalet speglar temaet «Varde» og er kuratert av den grønlandske filmprodusent Alberte Parnuuna.
Kunstnarane i denne utgåva er::
Annika Lynge (GL / DK)
Elva María Birgisdóttir (IS)
Iselin Kleppe Løvik (NO)
Llinos Anwyl (CYM)
Michelle Spinei (US / IS)
Tristan Zand (CH / IS)
Program:
13:10 Kort føredrag om Lyng sitt manifesto
13:20 Underhaldningsinnslag (TBA!)
14:00 Lett servering
Magasinet er trykt i eit begrensa opplag og vil vere til sals på arrangementet. Vi gler oss til å sjå dykk!
Lyng er støtta av Vestnordisk Hovedstadsfond, Nordisk Kulturfond og Nordiske Instituttet i Grønland og utgjeve gjennom eit samarbeid mellom Heysahorn Art Collective og Nordens hus, TUTL Records, Nuuk Art Museum, Nuuk Local Museum, Cyhoeddiadau’r Stamp og Garg bookstore.