Surtsey Performance foredrag


13-14:30

Det norsk-islandske scenekunstverket Surtsey begynner i Reykjavik med eit ope kunstforedrag ved den prisvinnande regissøren Jon Tombre. Etter foredraget blir det ein scenekantsamtale. Deretter blir det eit ope skriveverkstad. Verkstaden vil bruke kunstforedraget som utgangspunkt, og vere leidd av Tombre og Karlsvik, som har røysle som teaching artists.

Verkstaden passar for alle som vil skrive. Men vi oppmodar alle til å delta på skriveverkstaden.

Foredraget og verkstaden vil foregå på engelsk. Det er ope og gratis for alle.

Surtsey er ein mangedisiplinær scenekunstproduksjon under arbeid. Premieren er sett til Haustscena (NO) i september 2020. Verket skal også visast i m.a. Oslo og Reykjavik, og er eit stadsspesifikk, musikkbasert verk for to soloistar og mulegvis lokale ungdomskor.

Forteljinga er om to ungdommar som sett ut frå Heimaey aleine i båt. Vulkanen bryt ut i havet under dei, og endrar turen dei skulle ta, og måten dei ser på seg sjølv og kvarandre. Stykket berører tema som pubertet, identitetsbygging, og overgangsstadier.

Produksjonen – og verkstaden – er støtta av Det norske kulturråd, Fond for lyd og bilde, Dramatikkens hus og Dramatikerforbundet – NDF.

Jon Tombre
Regissør, og, for dette prosjektet, medprodusent. Dobbel vinnar av Kritikerprisen for teater. Tombre har også vore med på å inne Heddaprisen. Utdanna ved teaterskulen Le Coque i Paris, og tok i vår MA i skodespel ved Kunsthøgskulen i Oslo.

Mette Karlsvik
Forfattar, og, for dette prosjektet, medprodusent. Vant den prestisjefulle debutantprisen Tarjei Vesaas debutantpris, før ho fekk litterære prisar som Stig Sæterbakkens minnepris, Bokhandlerstipendet, Skardstipendet og Skien Kommunes eittårige kunstnarresidency.