Å blåsa kvitt – Utstilling


Klara Sofie Ludvigsen presenterer eit fotografisk arbeid med tittel “Å blåsa kvitt” i foajeen. I dette prosjektet utforskar ho det improvisatoriske potensialet i fotografi, samt korleis form kan ta meir plass i det fotografiske språket.

Utstillinga består av åtte små og to store verk, kor ho har nytta ulike teknikkar og metodar i prosessen. Materialet er mellom anna frå varme kilder i Japan og flyfoto gjort over Folgefonnabreen i Noreg.  Ludvigsen omfamnar ein uraffinert estetikk. Ved å forvirre auge meiner ho at sjåaren vert oppfordra til å ta større stilling til det ho eller han ser på, oppfordra til å betrakte form.

Klara Sofie Ludvigsen arbeider med storformat fotografi. Ved å kombinere negativ svart/kvitfilm med positiv fargefilm oppnår ho eit spesifikt uttrykk. I tillegg malar ho på blank film som vert lagt lagvis med den fotografiske filmen under eksponering. På den måten oppstår det ein malerisk struktur i det fotografiske papiret. Denne teknikken gjentar ho somme gonger i fysisk form, ved å legge eit lag med maling over fotografiet.

“Å blåsa kvitt” er eit norsk uttrykk for å vurdere vindstyrke ved å sjå kvitt på toppen av bølgjene.

Klara Sofie Ludvigsen (f.1983) er utdanna ved Kent Institute of Art and Design i England, med utveksling til Universitat Politècnica de Catalunya, Barcelona. Ho arbeidar med analoge prosessar som storformat og mørkerom, og er interessert i det fysiske aspektet både ved arbeidet og opplevinga av det fotografiske mediet. Klara Sofie Ludvigsen bur og arbeidar i Bergen kor ho er del av atelierfellesskapet BLOKK og ein av initiativtakarane til det analoge verkstadskollektivet Mørkerommet.

www.klarasofie.com