Bjørgvin Gitarkvartett

God guitar musik fra Norge


20:00

Bjørgvin Gitarkvartett

har spelt saman fra hausten 2013 og har opptredd på ulike festivalar som t.d. Festspillene i Bergen og har elles halde konsertar på ulike stader i Vest-Noreg m.a. med ein konsertturné i denne landsdelen vinteren 2014. Musikken deira femner om alt frå renessanse til moderne musikk, både musikk skriven for gitarkvartett og transkribert frå andre instrument.

Öystein Magnús Gjerde er 23 år og den eine i kvartetten som er frå Island, frå Fellabæ i Fljótsdalshérað. Han lærte først klassisk gitar heime på Island hjå Torvald Gjerde, Matti Saarinen og Steingrímur Birgisson. I 2010 flytte han til Noreg og studerte musikk på Toneheim folkehøgskole ved Hamar, og der var Reidar Edvardsen læraren hans. Året etter byrja han bachelor-studium på Griegakedemiet i Bergen, som han fullførte no i juni, det første året hjå Njål Vindenes og dei siste tre hjå Stein-Erik Olsen.

Thomas Schoofs Melheim er 24 år gamal frå Lærdal i Vest-Noreg. Han lærte gitarspel hjå Øystein Eide på Firda vidaregåande skule 2007-2010, seinare hjå Stein-Erik Olsen og Egil Haugland på Griegakademiet i Bergen 2010-2015, og tok bachelor-eksamen no i juni. Han har opptredd både i kammerorkester og som solist på konsertar over heile Vest-Noreg. Kammermusikk er det han liker best, og planen hans er å gjera meir av det i framtida.

Morten Andre Larsen er 23 år gamal og kjem frå ein liten stad i Nord-Noreg, som heiter Havøysund. Han byrja å læra klassisk gitar for ti år sidan, 13 år gamal, hjå Alfred Stabell. Seinare lærte han hjå Svein Hugo Sørensen på Alta vidaregåande skule frå 2008. I 2011 starta Morten bachelor-studium på Griegakademiet i Bergen, det første året hjå Njål Vindenes og dei siste åra hjå Stein-Erik Olsen, før han fullførte bachelor nyleg. Til hausten byrjar han master-studium i Bergen.

Dag Håheim er 25 år gamal frå Skei i Vest-Noreg og starta studier i klassisk gitar hjå Øystein Eide 15 år gamal. I dag er han masterstudent på Griegakademiet i Bergen, der han tok bachelor 2014 med Stein-Erik Olsen og Egil Haugland som lærarar. Vinteren 2012/13 lærte han hjå Marco Tamayo i Universität Mozarteum i Salzburg i Austerrike. Han har ofte møtt i masterclass i Bergen og andre stader med gitaristar som Pavel Steidi, Marcin Dylla, Odair Assad o. fl..